SIGEVATN

NORSK - ENGLISH

ANALYSER FOR MILJØ

SIGEVATN

SunnLab utfører analysar på sigevatn. Vatn som sig gjennom eit avfallsdeponi vil bli forureina av dei stoffa som lekk frå avfall i depotet. På denne måten er sigevatn ei mogleg kjelde til spreiing av miljøgifter, noko som gjer det naudsynt med streng kontroll.

 

Statens Forureiningstilsyn (SFT) har publisert ein vegleiar om overvakning av sigevatn frå avfallsdeponi: TA 2077/2005, der det er sett opp forslag til overvakningsprogram, både kvartalsvis, årleg og 5-årleg. Alle desse prøvane kan SunnLab hjelpe til med å analysere. Vi kan også samanstille desse resultata i ein rapport, beregne forureiningsindeksar og klassifisere tilstand.

 

Prøvar av sigevatn blir teke kvartalsvis, med eit tillegg kvart 5 år, medan sigevatnsediment skal takast årleg, med eit tillegg kvart 5 år.

SUNNLAB AS

 

Besøksadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

Org.nr. 985 722 234

 

 

Postadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

E-post: post@sunnlab.no

OPNINGSTIDER

 

Måndag-Fredag

kl. 08:00 - 15:30

 

 

Tlf: 57 72 39 50