TRIKIN

NORSK - ENGLISH

ANALYSER FOR NÆRINGSMIDLAR

TRIKIN

SunnLab utfører trikinkontroll på hest og gris på oppdrag frå Mattilsynet. Også bjørn, villsvin, kvalross og krokodille bør kontrollerast for trikin, og det er særs viktig å få kontrollert kjøt frå heimeslakt.

 

Trikin, Trichinella spiralis, er ein rundorm som lever i musklar. Dersom menneske et infisert kjøt kan ein få sjukdomen Trikinose, som i verste fall kan være dødeleg. Men det finst effektiv behandling dersom sjukdomen vert oppdaga tidleg. På grunn av dette er alt hest- og svinekjøt i Norge underlagt trikinkontroll.

 

Ved å sende ein prøve av ein muskelbit til SunnLab kan du få kjøtet analysert for trikin, og vere sikker på at maten er trygg. Kor hen ein skal ta prøven frå varierer frå ulike typar dyr. Ta kontakt med oss, så skal vi gje best mogleg rettleiing korleis dette skal gjerat.

SUNNLAB AS

 

Besøksadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

Org.nr. 985 722 234

 

 

Postadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

E-post: post@sunnlab.no

OPNINGSTIDER

 

Måndag-Fredag

kl. 08:00 - 15:30

 

 

Tlf: 57 72 39 50