BADEBASSENG OG FRILUFTSBAD

NORSK - ENGLISH

ANALYSER FOR VATN

BADEBASSENG OG FRILUFTSBAD

SunnLab utfører analysar av vatn både i vanlege badebasseng og friluftsbad. Vatnet skal ikkje vere helseskadeleg, og skal ha ein frisk og klar utsjånad utan uønska farge.

 

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu og Vannkvalitetsnormer for friluftsbad frå Statens Forureiningstilsyn gjer saman retningsliner for både visuell tilstand, prøveintervallar og mikrobiologisk og kjemisk tilstand.

 

Vatnet i eit bassengbad skal være klårt, utan farge, og innbydande for bading. Ved alle bassengbad skal det takast prøvar med tilstrekkeleg frekvens for å halde oppsyn med vasskvalitet og sikre hygieniske forhold. Dusjanlegg bør kontrollerast med tanke på Legionella og kimtal for å hindre smittefare.

 

Vatn i friluftsbad, både for sjøvatn og ferskvatn, kan bli forureina frå utslepp av avløpsvatn frå til dømes privatbåtar. Om sommaren er det gjerne høgare temperaturar i vatnet, som kan gje oppblomstring av ulike algar og bakteriar.

 

NB! For å ta prøve av vatn som er tilsett klor, er det viktig å bruke steril flaske tilsett natriumthiosulfat . Denne type flaske kan du få med SunnLab.

SUNNLAB AS

 

Besøksadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

Org.nr. 985 722 234

 

 

Postadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde

 

E-post: post@sunnlab.no

OPNINGSTIDER

 

Måndag-Fredag

kl. 08:00 - 15:30

 

 

Tlf: 57 72 39 50