NORSK - ENGLISH

ANALYSER FOR VATN

OFFSHORE OG SKIP

SunnLab har eit godt system og fleksible rutinar for å analysere drikkevatn  og næringmiddel om bord i skip og offshore. Våre kjemikarar kan om ønskeleg komme ombord i skipet eller installasjonen og ta vassprøvar. Vi har mobilt utstyr som er skreddarsydd til dette arbeidet.


"Nok, godt og sikkert drikkevatn offshore" er ein rettleiar frå Folkehelseinstituttet om utforming og drift av drikkevassinstallasjonar offshore. Her blir det anbefalt analyseprogram og grenseverdiar for månadlege og årlege prøvar.


Kvart enkelt skip vel sjølve kva for analysar dei vil ta, men vassforsyning om bord på skip og ferjer skal forhalde seg til drikkevassforskrifta. Skip som seglar under norsk flagg må følge norske reglar, uansett kor dei seglar. Dette krev regelmessige prøvar ved eit akkreditert laboratorium som Sunnlab.


Mattilsynet har også gjeve ut ei rettleiing om drikkevatn om bord i skip, publikasjon 4807

SUNNLAB AS


Besøksadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde


Org.nr. 985 722 234



Postadresse:

Holtemyrane 6

6814 Førde


E-post: post@sunnlab.no

OPNINGSTIDER


Måndag-Fredag

kl. 08:00 - 15:30



Tlf: 57 72 39 50