VIKTIGE PARAMETRAR

Saman med SunnLab passar dei kommunale vassverka i Sunnfjord og Ytre Sogn godt på at drikkevatnet held seg innanfor grenseverdiane for godt drikkevatn. Men for brukarane er ikkje det alltid nok informasjon. For nye vaskemaskiner er det ofte krav om å kjenne til hardheita på vatnet, ølbryggarar treng å kjenne til visse parametrar for at ølet skal smake godt, tannlegar treng å vite fluorinnhaldet og akvaristar treng å kjenne til vassverdiane for å ha vatn som passar best mogleg til fiskane deira.

Vi har derfor laga ein tabell for dei ulike vassverka, slik at det skal vere lettast mogleg for brukarane å finne fram
(Scroll ned for å sjå tabellen).