SunnLab utfører eit breitt spekter av analysar av vatn for både private, offentlege vassverk og etatar, samt privat næringsliv. Vi kan levere raskt og effektivt med fleksible løysingar for levering og henting. SunnLab hjelper deg å dokumentere kvaliteten på dine råvarer og produkt. Vi kan også tilby hygienekontroll av overflater eller kontrollere vassprøvar for produksjonslokalet.
Som forbrukarar av kjøt har vi forventningar og krav om at vi ikkje skal bli sjuke av det vi et, anten det er frå store næringsmiddelprodusentar eller små gardsmatprodusentar. I tillegg er det i eiga interesse for næringsmiddelprodusentar å få bekrefta at produkta er av god kvalitet.
Vanlegvis blir kjøtprodukt og andre næringsmiddel testa med tanke på framvekst av ikkje-sjukdomsframkallande og typiske sjukdomsframkallande bakteriar. Døme på dette er Listeria, E.Coli, Salmonella, Kimtal og Bacillus.
SunnLab utfører analysar på både fisk og andre oppdrettsprodukt.
SunnLab utfører trikinkontroll på hest og gris på oppdrag frå Mattilsynet. Også bjørn, villsvin, kvalross og krokodille bør kontrollerast for trikin, og det er særs viktig å få kontrollert kjøt frå heimeslakt.
Trikin, Trichinella spiralis, er ein rundorm som lever i musklar. Dersom menneske et infisert kjøt kan ein få sjukdommen trikinose. Trikinose kan i verste fall være dødeleg, men det finst effektiv behandling dersom sjukdomen vert oppdaga tidleg. På grunn av dette er alt hest- og svinekjøt i Norge underlagt trikinkontroll.
Ved å sende ein prøve av ein muskelbit til SunnLab kan du få kjøtet analysert for trikin, og vere sikker på at maten er trygg. Kvar ein skal ta prøven frå varierer for ulike typar dyr. Ta kontakt med SunnLab for rettleiing på korleis prøven skal takast og avtale for levering av prøven.