SunnLab utfører eit breitt spekter av analysar av vatn for både private, offentlege vassverk og etatar, samt privat næringsliv. Vi kan levere raskt og effektivt med fleksible løysingar for levering og henting.
Drikkevassforskrifta stiller krav til at drikkevatn skal vere helsemessig trygt for forbrukarane og ikkje innehalde skadelege bakteriar eller anna forureining.
Både offentlege og private, skal følge prøveplanar for å sikre at krava i forskrifta blir etterlevd. Prøveplanane skal stille krav til både kva analyser som skal takast og kor ofte.
Offshore og skip
SunnLab har eit godt system og fleksible rutinar for å analysere drikkevatn og næringmiddel om bord i skip og offshore. Våre kjemikarar kan om ønskeleg komme ombord på skip eller offshore-installasjon for å ta vassprøvar. Vi har mobilt utstyr som er skreddarsydd til dette arbeidet.
Kvart enkelt skip vel sjølve kva for analysar dei vil ta, men vassforsyning om bord på skip og ferjer skal forhalde seg til drikkevassforskrifta. Skip som seglar under norsk flagg må følge norske reglar, uansett kor dei seglar. Dette krev regelmessige prøvar ved eit akkreditert laboratorium, som SunnLab.
Private
SunnLab utfører også analyser av drikkevatn for private kundar, samt KSL-test for mjølkerom. Vasskvaliteten kan variere mykje etter kva for vasskjelde ein har (bekk, brønn, borevatn, osb.), årstider og nedbørsforhold. Dersom ein drikk vatn som inneheld framande bakteriar kan ein føle seg kvalm og få diaré. Ofte vil det vere born og eldre som merker desse endringane først.
SunnLab og våre underleverandørar er akkrediterte for alle analysar i samband med drikkevassforskrifta, noko som sikrar korrekte resultat og at alle analysar blir gjennomført i samsvar med forskrifta.
SunnLab tilbyr fleire ulike analysepakker for drikkevatn, og kan også utføre enkeltanalysar ved behov.
Våre vanlegaste drikkevasspakker:
SunnLab utfører analysar av avløpsvatn og slam. Eit av dei overordna krava i samband med utslepp av avløpsvatn og slam er å hindre sjukdomsmitte og spreiing.
Analysane av avløpsvatn blir regulert av Forureiningsforskrifta,
Vi analyserer avløpsvatn og slam for hygienisk kvalitet og tungmetall, samt at vi bistår med rådgjeving i samband med internkontroll og deklarering.
Til prøvetaking av tungmetall skal ein bruke ei syrevaska prøveflaske, som du kan få frå SunnLab.
SunnLab utfører analysar av vatn både i vanlege badebasseng og friluftsbad. Vatnet skal ikkje vere helseskadeleg, og skal ha ein frisk og klar utsjånad utan uønska farge.
Vatnet i eit bassengbad skal være klårt, utan farge, og innbydande for bading. Ved alle bassengbad skal det takast prøvar med tilstrekkeleg frekvens for å halde oppsyn med vasskvalitet og sikre hygieniske forhold. Dusjanlegg bør kontrollerast med tanke på Legionella og kimtal for å hindre smittefare.
Vatn i friluftsbad, både for sjøvatn og ferskvatn, kan bli forureina frå utslepp av avløpsvatn frå til dømes privatbåtar. Om sommaren er det gjerne høgare temperaturar i vatnet, som kan gje oppblomstring av ulike algar og bakteriar. Fleire badepalassar i distriktet blir jamnleg sjekka av SunnLab i sommarhalvåret.
NB! For å ta prøve av vatn som er tilsett klor, er det viktig å bruke steril flaske tilsett natriumthiosulfat. Denne type flaske kan du få med SunnLab.
SunnLab tar imot drikkevassprøvar på måndagar og tysdagar før kl. 14. Dersom du har behov for å levere prøve på andre dagar må du ta kontakt på førehand for å avklare dette nærare.
Ved bakteriologisk undersøking er det viktig at prøven er tatt ut maks 12 timar før levering til laboratoriet. Det er viktig at prøveuttaket blir utført på korrekt måte for at analyseresultatet skal vere rett.
Prøven leverast saman med utfylt følgjeskjema. Det er viktig å fylle ut all informasjonen. Dersom du er usikker på kva analysar du treng kan du ta kontakt med SunnLab.
Korleis ta ut vassprøven